Familieturar BilderFamilieturar Video Booking-tlfbooking-online

Familieturar

FamilieGJENNOMFØRING:

Etter omkledning på raftingsenteret transporterer vi gruppa med buss til elva. Her blir det tryggleiksinstruksjon før ein deler inn i grupper. Kvar raft vil bli leia av ein erfaren instruktør og guidar i kajakk padlar saman med dei i 2-manns raftane. Etter litt trening set ein kursen nedover elva. Guidane vil gjere sitt beste for å underhalde deg på vegen og kjem heilt sikkert til å prøve å få deg til å ramle uti... Duckie’ane blir leia ned tryggaste ruta i elva, og skulle ein ramle uti, får ein hjelp til å kome seg tilbake i båten.

Turen endar opp på Evanger, der sjåførane står klar med forfriskingar og hjelp til å få båtane på land igjen.

Etter ca 1,5 time på elva, returnerer vi til raftingsenteret for varme dusjar og tørre kle. Etterpå viser vi bilde frå turen i restauranten, der du også kan kjøpe deg noko å ete eller drikke. Grupper bør førehandstinge mat. Den perfekte avslutninga på  turen er sjølvsagt ein tur i boblebadet medan kokken førebur lunsjen dykkar!

VOSSO

Vosso renn mellom Bulken og Evanger, langs E16 mot Bergen. Her raftar vi mellom Geitle og Evanger, ca 7 km med morosame og sikre elvestryk. Vi startar på flatt vatn og flyt sidan nedover med straumen, passerer mindre stryk og straumvirvlar.

 

Familie Info

VARIGHEIT:

  • 3 timar totalt
  • 1,5 time på elva

ALDERSGRENSE:

  • Minimum 6 år

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse
  • Må kunne å symje.
  • Dersom du har astma, epilepsi, diabeteseller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Badetøy
  • Handkle
  • langerma ull undertrøye dersom det er kjølig ver

ATTERHALD OM VER:

  • Ingen så lenge det er vatn i elva!
  • Rafting er den beste aktiviteten du kan gjere på ein regnfull dag, våt blir du jo uansett!!
 

Bilder-Video

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post