|

Dette er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!
Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og vi garanterer ei fantastisk oppleving.
|
|

Familieturane er perfekte for familiar med barn, skuleklassar og idrettslag der ein er under 15 år - og for dei som trur Strandaelva blir for tøff.
Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!
|
|
|

Dette er sannsynlegvis den tøffaste elvesporten i Norge som er å oppdrive, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.
Det er hardt arbeid, vått og vilt, og etter turen er du HEILT klar for ein tur i boblebadet!
|
|

Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langs med elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vassklier, små stryk og krystallklare kulpar.
Juving er berre tilgjengeleg når elvane har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane, (vanlegvis seint på sommaren)
|
|
|