|
|
|
Her finn du FRILUFTSSPA med to store utandørs boblebad, lafta vedfyrt badstove, badestamp og trapp ned til elva. Boblebada held 40 deilege varmegrader og passar difor like godt til både after-rafting som after ski.
ÅRESTOVA er ein restaurant med heilt spesiell atmosfære. Bygget er reist i tradisjonsrik grindabyggstil, med opne bjelkar og mykje tre og stein. Midt i rommet syter to store gruer for lun stemning. Om sommaren opnar vi opp store "stalldører" mot hagen og elva.
Jose svinger sleivene på kjøkkenet og vartar opp med god og kortreist mat. Ingen fastfood her..! Vi nyttar lokale råvarer så langt vi kan er medlem i VossaMeny. Vi har skjenkeløyve med alle rettar og kan dekke til grupper på opp til 70 personar innandørs. Om sommaren kan vi dekke til 30-40 ekstra ute under tak. Grillbufeane våre er vidgjetne, og det same er Jose si viltgryte. I tillegg til firmaarrangement, turistgrupper, åremålsdagar, blåturar, utdrikningslag, små & store grupper, har vi kafedrift på dagtid i sommarsesongen. Ta kontakt, så sender vi deg vår innhaldsrike meny!
Vi syr gjerne saman eit skreddarsydd opplegg med aktivitetar, velvære og servering av god mat & drikke!
|
|
NYHETER
|
torsdag 04. mars 2010 09:53 |
Leiarstilling: Kontor- og bookingsjef
Vår kjære kontorsjef skal flytte frå Voss og vi søkjer ein dyktig arvtakar til denne viktige stillinga...
|
|
Les mer..
|
|
|
onsdag 21. januar 2009 12:07 |
ISVANDRING PÅ VOSS!

Vi tør påstå at dette er den største og mest spesielle naturopplevinga du kan vere med på i vinter! Passar godt for venegjengar og som del av konferanseopphald.
|
|
Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt Newsletter system!
|