ATTEST

Statens vegvesen Region vest var frå 11.-13. September 2008 samla på Voss til ”Energidagar”. Det var om lag 550 tilsette som deltok, og målet med samlinga var å gje fagleg påfyll samtidig som vi skulle knyte band og lade energi.

I samband med dette arrangementet leigde vi inn Voss Rafting Senter AS til å stå for ”Aktivitetspakken” for våre medarbeidarar – 4 timar på fredagen. Dei tilsette fekk her velje aktivitet på ei svært så variert liste – noko for ein kvar smak. Aktivitetane var; Rafting, Energiløype, Kayakkpadling, Kunst/Museumsvandring, Kokkekurs, Yoga som gir energi, Fjelltur let, Fjelltur svett og Fjelltur m/fiske.

Voss Rafting Senter AS tok seg av alt somhadde med aktiviteten å gjere; Utstyr og lokale til aktiviteten, eit stor tal instruktørar / hjelpeinstruktørar, nødvendig sikringsutstyr, transport (busser, Hangursbane) og mat/drikke til deltakarane.

Vi hadde eit par planleggingsmøte med Voss Rafting Senter før arrangementet. Voss Rafting Senter jobba svært ryddig og sjølvstendig med oppdraget. Samstundes fekk vi god oppfølging via telefon og mailkontakt før arrangementet. Dei var alltid tilgjengeleg, og vi fekk raskt tilbakemelding på mail om det var noko som skulle sjekkast ut nærare.

Under sjølve arrangementet gjekk alle aktivitetane ”knirkefritt”. Bussane var der dei skulle, instruktørane var godt informert om gruppa si, og dei tilsette i Vegvesenet fekk mykje glede ut av aktivteten dei hadde meldt seg på. Voss Rafting Senter filma dei ulike aktivitetane, og denne viser god dokumentasjon på glade og fornøgde medarbeidarar.

Vi er svært godt fornøgd med den jobben Voss Rafting Senter gjorde for oss under dette arrangementet. Dei sette seg godt inn i oppdraget, jobba jamt og godt og gav oss ein god og viktig tryggheit for at ”aktivitetspakken” heile tide var under kontroll.

Vi takkar Voss Rafting Senter for samarbeidet og for eit godt utført oppdrag!

Statens vegvesen Region vest
Med helsing

Birte Fossheim

Brite Fossheim
- Leiar av komiteen for Energidagane