Fiskeopplevingar

FisketurarHalv dags fisketur:

3-4 timars fisketur i elv eller vatn, vi vel fiskestad ut frå årstid og kunden sine ynskje. Leige av fiskeutstyr og fiskekort er inkludert, og instruktøren har med seg forfriskingar i sekken.
Set gjerne opp ein guida fisketur som alternativ til rafting når ein har større grupper!


Fiske & kanopadling:

Fin tur for barnefamiliar! Vi padlar på Lundarvatnet, som er svært fiskerikt og ligg rett nedanfor raftingsenteret. Våre dyktige guidar har omfattande fiskekunnskap og lærer deg teknikken om naudsynt.
Etterpå steiker vi fangsten på terrassen.
Alt utstyr er inkludert. Ta med klede etter vêrtilhøve. Tidsutstrekk: 3- 4 timar.


Heildags fisketur til fjells:

Denne turen til Bergsdalen tek deg til nokre av dei beste fiskevatna i området. Du må pårekne noko vandring, inntil ein og ein halv time kvar veg til vatnet lengst opp.
Profesjonell guide gir deg dei beste tipsa og serverer eit godt måltid i pausen.
Naudsynt utrustning: Fjellsko og klede etter vêrtilhøve. Anorakk/regnjakke og genser i tilfelle veret endrar seg. Tidsutstrekk: 6 - 8 timar.

 

 

Fiskeopplevingar prisar

AKTIVITETAR
PRIS (NOK)
MERKNAD
ALDERSGRENSE
 
600 Voksen 420 Barn
Halv dag / Kanu fisketur
-
 
520 +kr1900 for Guiden
Guida fisketur / Heildagstur inkl. måltid
-
 

Fiskeopplevingar Info

VARIGHEIT:

  • Halvdagstur: 3-4 timar totalt
  • Heildagstur: 6-8 timar totalt

ALDERSGRENSE:

  • Ingen

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Må rekne med å gå eit stykke på heildagsturen
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Fiskeutstyr
  • Fiskekort
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Gode sko (joggesko/fjellsko eller liknande)
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
  • Drikkeflaske
  • Ikkje gløym kamera!

ATTERHALD OM VER:

  • Ingen atterhald om ver, men du kan bli våt dersom det regnar
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post