NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Guida Fjellturar

FjellturarHalvdagstur

Den mest populære turen går til stølen Krone, ein middels lett tur med 2 mindre stigningar. God sti som går langs ei elv mesteparten av vegen, gjennom variert og vakkert landskap.
Vi har også alternative turar med ulik vanskegrad. Transport er inkludert frå sentrum og fjellføraren ordnar med kaffi/te og kjeks.


Heildagstur

6-8 timars fjelltur til eit av fjellområda på Voss. Du kan velje mellom lette stølsturar på god sti eller brattare alpine turar.
Varm lunsj med suppe & brød, kaffi/te og kjeks er inkludert.
 

Guida Fjellturar Info

VARIGHEIT:

  • Halvdagstur: 3-4 timar totalt
  • Heildagstur: 6-8 timar totalt

ALDERSGRENSE:

  • Ingen

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Gode sko (joggesko/fjellsko eller liknande)
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
  • Drikkeflaske
  • Ikkje gløym kamera!

ATTERHALD OM VER:

  • Ingen atterhald om ver, men du kan bli våt dersom det regnar
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post