NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Isvandring Bilder Booking-tlf
Grupper og event

EventsVRS har lang erfaring med å sy saman små og store event for grupper. Våre aktivitetar er som skapt for relasjonsbygging og vi kan setje saman mange ulike kombinasjonar av aktivitetar, spa og matservering, enten deg gjeld bedrifter, organisasjonar eller private lag. Hjå oss kan du kombinere relasjonsbygging og styrking av samhald med rike naturopplevingar, velvere og god heimelaga mat i heilt spesiell atmosfære.

Vi skreddarsyr program etter kunden sine ynskje, alt frå grillmiddag i villmarksleiren til utandørs boblebad og femrettars middag i Årestova. I samarbeid med hotella på Voss og ulike transportselskap tilbyr vi komplette pakkar med aktivitetar, overnatting, mat, konferansefasilitetar og transport, nesten uansett størrelsen på gruppa.

Dei mest populære pakkane inneheld ofte teambuilding eller rafting i kombinasjon med boblebad og god mat i Årestova. Villmarksleiren og høgdeløypa er også svært populær. For større grupper kan ein gjerne setje opp parallelle aktivitetar, der ein møtes til felles hygge og mat etterpå. Det er berre fantasien som set grenser og vi vil gjere vårt yttarste for gje dykk eit arrangement som aldri blir gløymt!

 
Samarbeidstrening

teambuildingFor grupper skreddarsyr vi pakkar med ulike aktivitetar som fremjar samarbeid og lagbygging. Området rundt raftingsenteret er perfekt for ulike aktivitetar, og vi gjennomfører program både her og i villmarksleiren.

Gruppa vert delt i mindre lag som konkurrerer mot kvarandre i aktivitetar som øksekasting, luftpistolskyting, katapultbygging, blindebukk, vikingspelet "kubb", teoretisk problemløysing med meir. Dersom ein har arrangementet i villmarksleiren, kan sjølvsagt hinderløypa vere ein av aktivitetane. Vi skreddarsyr pakken ut frå gruppa sine ønskje og kor lang tid ein har til disposisjon.

I tilknyting til desse aktivitetane tilbyr vi også lunsj eller grillmiddag. Vi kan også formidle hotell og konferansefasilitetar samt andre aktivitetar som ein del av våre pakkar. Trykk på biletet over for fleir samarbeidstreningbilete!

 
Villmarksleir

wilderness_campDen fantastiske og heilt spesielle leiren er plassert mellom digre kampesteinar like ved Strandaelva og er arrangert rundt ei naturleg steingrotte. Her har vi fleire same-lavvoar, eit stort vikingbord under tak, fleire bålplassar og utedoar. Reinsdyrskinn og parafinlamper er med på å gje leiren den rette atmosfæren og råma rundt eit vellykka opphald.

Hinderløypa i leiren består av 9 ulike utfordringar 10 meter over bakkenivå. Her er ulike balanse- og klatrehinder og ei 70m lang Flying Fox (taubane). Vi kan også tilby andre aktivitetar som fordrar samarbeid.

Dei dyktige guidane våre tilbreder maten over open eld. Vi kan servere nesten kva som helst, men vi anbefaler grilla kjøt med grøn salat, potetsalat og pastasalat. Som dessert serverer vi vanlegvis ein nydeleg heimelaga fruktsalat.

Villmarksleiren kan nyttast som eit ettermiddags- eller kveldsarrangement, men det er også triveleg å overnatte her. I så fall serverer vi ein kraftig tømmermannsfrukost neste dag. Vi har fire lavvoar som kvar tek 10-20 personar. Trykk på biletet over for fleir samarbeidstreningbilete!

 
Skuleturar

school_packsI periodane mai/juni og august/september arrangerer vi på vekedagar turar for skulegrupper til kraftig redusert pris. Basispakken er eit todagars opplegg som inkluderer overnatting i villmarksleiren med alle måltid, rappellering, hinderløype og rafting. Pakken kan sjølvsagt byggast ut med fleire overnattingar og aktivitetar. Be om tilbod!

 
Transport og overnatting

transportVi har 5 køyretøy – 4 minibussar og ein 36-seters buss – dvs at vi har kapasitet til transportere over hundre personar i slengen.

I samarbeid med hotella på Voss og ulike transportselskap tilbyr vi komplette pakkar med aktivitetar, overnatting, mat, konferansefasilitetar og transport, nesten uansett størrelsen på gruppa.

Les mer
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

Kunder:

Klikk logo for å lese referanse:

 

statens

bkk

haakonsvern

ABB

Aker Stord

Algaard AS

Aroma Restaurant

Bergen Elektro Automasjon

Bergen Energi

Bergen kommune

Bergen Stillasutleie

Bergen Turlag

Bildøy Bibelskole

Blokkhaugen skole

Borø Ungdomsskole

Buro Scandinavia (NL)

Capilli Frisør

CIC Gruppe & Spesialreiser

Contiki Travel (GB)

COWI AS

Danielsen Videregående skole

Do It (NL)

Eidfjord kommune

Ekstrem Utvikling

Ernst Eismann AS

European Cruise Service

EXin.No

Exodus AS

FMC Kongsberg Subsea

Frank Mohn

Halbrend skule

Haraldsvang Ungdomsskole

Hardanger Fartøyvernsenter

Havforskningsinstituttet

Hop videregående skole

Hordaland Fylkeskommune

Hordaland Høyre

Hordaland Skikrets

IKEA

J.Martens

Jans Hageservice

Kasten Moholt AS

Kriminalomsorgen

Lerum Fabrikker

LINK Signatur

Mambo Tours (NL)

Masfjorden Sjukeheim

Montasje Kompagniet

Murmester Nygård

Møller Bil AS

NATO / Joint Warfare Centre

Next Gentel

Norges Handelshøyskole, NHH

Norheim Menighet

Nygård skole

O. Kavli AS

OAD Reizen (NL)

Odfjell Drilling

Olsvik skole

OneCall

Ortun skole

Osterøy Ungdomsskole

Plantasjen

ResLab Integration

Rjukan Ungdomsskole

Road Less Travelled (US)

Scan Auto Kokstad

Seljord Folkehøgskole

SGS Norge

Siemens

Skigutane AS

Sognekraft

Sola videregående skole

Sparebanken Vest

Statens Landbruksforvaltning

Statoil Hydro Mongstad

Stord Ungdomsskole

Straumen skule

Sund kommune

Sæterdal Elektro

Søre Skogvei Barnehage

Taber Holidays (GB)

Team Service

Tertnes Idrettsskole

Tide Reiser

Toro

Try Norway

Universitetet i Bergen, juridisk fakultet

Vestsiden Fotball

Vinje commune

VITAL Forsikring

Voss kommune

Voss ungdomsskole

Wrigley Scandinavia

Ørnar IL

_____________________________

 
VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post