NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Personell

Leiinga

Samla har leiinga ein særdeles høg kompetanse innanfor ekstremt friluftsliv, med erfaring frå blant anna Hærens Jegerkommando, Idrettshøgskolen, diverse ekspedisjonar og internasjonal rafting.

Alle dei tre styremedlemmane er aktive guidar og er jamt med på alle aktivitetane våre. Dette er ein bevisst strategi for å sikre tett oppfølging av dei tilsette ute i felten og for å kontrollere kvaliteten på arrangementa. Leiinga av selskapet er dessutan årleg på studieturar til utlandet for å få inspirasjon til produktutvikling.

Instruktørane

Voss Rafting Senter utdannar 10-15 nye guidar kvart år og handplukkar bare dei beste til å arbeide for oss. I tillegg leiger vi inn heiltidsprofesjonelle instruktørar frå utlandet for å sikre internasjonal innverknad på selskapet si tryggleiksutvikling. Vi har også nært samarbeid med Dagali Rafting og sørgjer for å utveksle guidar i løpet av sesongen som ein del av den personlege utviklinga.

 
Frode Solbakk

frodeGENERAL MANAGER

Født i 1969 og starta med rafting i 1989. Fekk raskt ei sterk lidenskap til elvesport og har vore ein pioner i å utvikle rafting fleire stadar i Noreg. Var den fyrste til å rafte ned både Dagalifallene og Raundalselva, to kjente elver for rafting i dag. Bakgrunnen som fallskjermjeger og tilknyting til Hærens Jegerkommando gjennom fleire år, har vore viktig ballast i filosofien og utviklinga av Voss Rafting Senter AS og seinare Ekstremsportveko og Norway Active AS.

Sjølv om Frode er dagleg leiar, har han valt å overlate mykje av ansvaret til dei tre dyktige Operation Manager’ne slik at han kan konsentrere seg om utvikling og nye prosjekt. Vidare ynskjer han å kunne halde fram med lærargjerninga ved Voss Ungdomsskule kor han underviser i matematikk og naturfag.

 
David Monaghan

DaveStyremedlem og aksjonær.

Operation manager base/utstyr. Fødd 1959, guide sidan 1987. Australsk. Har 2000+ turar. Har svært lang erfaring med rafting internasjonalt og har vore med på å utvikle Voss Rafting Senter frå starten av. David rafta som den første over Hardangervidda og i Eidfjord. Er selskapets rollemodell for service og venlegheit. Hobbyar: Surfing, snikring og cricket.

 
Christian

christianStyremedlem og aksjonær.

Fødd 1979, norsk. Guide sidan 1997, 700+ turar. Hobbyar: Elvepadling og skikøyring. Christian har kjøpt seg hus på Voss og arbeider for Bula/Skigutane.

 
Anne-Toril

annetorillOperation manager kontor.

Norsk. Har bla ansvaret for booking, sal og marknadsføring, og er dagleg leiars høgre hand. Hobbyar: skikøyring, friluftsliv, vassport, reise, køyre motorsykkel, er ein skikkelig bokorm.

 
José

jose-rOperation Manager Elvatun.

Guide sidan 1999. Spansk/norsk. Har meir enn 1000 turar. Jose har ansvar for drifta av Årestova og spa-anlegget og er i tillegg til Anne-Toril heiltidtilsett ved VRS. Jose er ein av dei mest erfarne guidane våre og er både instruktør, kokk, servitør og sjåfør på storbuss.

 
Allan Ellard

allanOperation Manager - Aktivitetar

Frå Storbritannia. Har vore guide meir enn 14 år over heile verda, frå Noreg til New Zealand. Har vore hjå Voss Rafting Senter sidan 2000. Når Allan ikkje raftar, tilbringer han mesteparten av tida med å padle. Dersom det er for kaldt, finn du han sikkert framfor datamaskina, der han redigerer video eller lagar websider. Allan er profesjonell elvepadlar og deltek i konkurransar over hele verda.

 
MIke Abbott

mikeSenior Guide

Mike has been with us since 2000 but has been guiding for many more years! A world class kayaker and expert river guide, you will never be in more capable hands! Mike is almost a local in Voss now, runs his own kayak courses and works with Ski Patrol during the winter season.

 
Andy Phillips

andySenior Guide

From UK, Andy started as a raft guide in Austria in 1997 and has rafted in Norway, Morocco and UK. Andy has spent most of his life in his kayak representing the UK in kayak freestyle and kayaking all over the world.

 
Birger Rokne

birgerChief Driver

Birger er sjåfør og fotograf og har jobba for oss i fem år. Fødd 1967, busett på Voss. Ein av få "ekte" Vossingar i firmaet! Er tidlegare yrkessjåfør og har difor sertifikat for det meste, er ein alt-muleg-mann. Tok guidekurset i 2004. Birger jobbar elles for Voss Fjellheisar i vinterhalvåret. Hobbyar: Internett, slektsgransking og reiser.

 
Slee Larcombe
Slee

SENIOR GUIDE

From NZ

 
Matt Clarkson
Matt Clarkson

SENIOR GUIDE

From Leeds!

 

 
Eirik Ainer Sharp
Eirik

SENIOR GUIDE

From Canada / Norway

 

 
Tabuya Sibanda
Tabuya

SENIOR GUIDE

From Zimbabwe!

 

 
Lisa Wortman

Lisa WortmanGUIDE

From Montana, Lisa has guided on rivers in the US, New Zealand, Costa Rica, Chile, and Peru.

 
Graham Young
Graham Young

GUIDE

Graham has been rafting for 6 years he has guided in Australia, Latin America and across Western Canada.

 
Emily Bakker

EmilyBakker

GUIDE

From Canada, a newly retired (graduated) student with a passion for rafting and the outdoors.

 
Dave Sacquety

david-sacquetyGuide

From Washington state in the USA, David has raft guided for 20+ years in the USA, Chile, Nepal, India, New Zealand, and Africa. When he is not guiding, he can be found exploring steep creeks.

 
Ledige Stillinger

Vi er alltid på utkikk etter dyktige guidar!

VRS veks og vi leItar etter fleire dyktige, allsidige guidar med erfaring frå elv, tau, arrangement og generelt friluftsliv.


YNSKJER DU Å JOBBE FOR OSS NESTE SESONG?

Vi søkjer guidar med erfaring i alle eller dei fleste av følgjande område:

  • Rafting - grad 1 - 4 +
  • Elvebrett
  • Juving
  • Rappellering og andre tau aktivitetar
  • Høgdeløype
  • Teambuilding og events
  • Fiske
  • Video (Vi er kun interessert i video personell som også kan guide!)

GENERELLE KRAV

  • Alle tilsette må ha førarkort for 17 seters minibuss (transportløyve)
  • WRT, SRT eller tilsvarande elveredningskurs
  • Førstehjelp sertifisering

KVA TRENG VI Å VITE OM DEG:

  • Personleg info: Namn / alder / kjønn
  • Kvar er du frå
  • Kor lenge har du vore guide / Kor mange sesongar.
  • Kven har du jobba for
  • Kva elvar har du jobba på.
  • Kva slags turar har du guida
  • Stilling og ansvar,.f.eks. guide, turleiar, senior guide osv.

KVA MÅ DU SENDE MED:

  • Kopi av førarkort.
  • Kopi av safety kursbevis.
  • Kopi av førstehjelps sertifikat.

I TILLEGG:

Vi er også interessert i følgjande informasjon:

  • Kan du bruke datamaskin ..?
  • Har du tømrar-/byggeerfaring og er du flink til å reparere ting..?
  • Erfaring i å reparere/vedlikehalde bilar..?
  • Har du erfaring med arbeid i bar/restaurant.
  • Kva er din motivasjon i livet..?

KORLEIS SØKE?

Send søknad med relevant info, vedlegg og referansar HER

Vi startar vanlegvis bemanningsprosessen rundt nyttår, du bør difor sende søknad til oss innan utgangen av året.

 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

Bruker

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post