Gjennomføring:
Her kjem du verkeleg i nærkontakt med elementa, ei spennande oppleving i vakker og dramatisk natur! Terrenget er sjølvsagt ulendt, og du bør difor vere van til å ferdast i fjellet og førebudd på å hoppe frå 3m ned i vatnet.
Etter omkledning på raftingsenteret køyrer vi den korte turen til startpunktet nedst i Raundalen. Guidane leiar an på stien gjennom skogen, til det vakre og isolerte juvet. Etter tryggleiksinstruksjonen vil gruppa blir leia, hopp for hopp, stein for stein, inn i ei eventyrleg verd.
Vi brukar eit kompissystem for å sikre at ingen blir etterlatne, og du vil bli instruert kvar det er trygt å hoppe, symje og klatre ved kvart hinder i elva. Det er fleire store hopp (opp til 9 meter!) som er frivillige, men det er eit 3 meter høgt hopp rett etter start som ein MÅ gjennom.
Til slutt tek ein seg ut av juvet og det blir servert forfriskingar. Ein kort busstur tilbake til raftingsenteret, og varme golv og dusjar ventar. No har du forhåpentleg reservert boblebada for å få den perfekte avslutninga på turen! Vi syner bilete frå turen på storskjerm i Årestova, der ein også kan få kjøpt mat og drikke.
VARMT MÅLTID ETTER TUREN
Inkluderar dagens heimalaga suppe eller gryterett med godt brød. Kontakt oss dersom de ynskje vegetar mat! |