Booking-tlf

Guida Turar

Voss byr på eit særdeles rikt mangfald av varierte natur opplevingar. Ein topptur i eit av dei mange og mektige vossafjella er ein perfekt og spennande måte å utforske landskapet. Omgitt av vakre fjell og flott natur kan du oppleva det ypparste ein fjelltur tilbyr. Lite kan måla seg med kjensla av meistring når ein endelig  ”erobrar” fjellet og kjem til topps og kan nyte det fantastiske utsynet. Og enda står skiopplevinga ned den bratte fjellsida igjen!

Vel tilbake på Voss Rafting Senter kan dagen avsluttast med utandørs boblebad og badstove samt heimelaga mat servert i ein unik atmosfære i Årestova. Boblebada held 40 grader sjølv midtvinters. Ei perfekt ramme rundt eit kvart arrangement!

Voss Rafting Senter tar hand om all lokal transport og stillar med erfarne guidar.

Topptur er ein super aktivitet for familiar eller grupper.

 

Topptur Info

VARIGHEIT:

  • Heildagstur: 6-8 timar totalt

ALDERSGRENSE:

  • Ingen

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Henting / bringing

TA MED:

  • Alt ski utstyr
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
  • Drikkeflaske
  • Forfriskningar
  • Matpakke
  • Ikkje gløym kamera!

ATTERHALD OM VER:

  • Atterhald om ver og sno
 

tilbod

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post