Trugetur Bilder Booking-tlf

Trugetur

 

Trugetur

Utstyrt med truger og hovudlykt går vi langs snødekte stiar i området rundt Voss.

Truger er ein morosam og spennande måte å utforske naturen på. Når dagslyset svinn og solnedgangen falmar mot mørke kjem alle slags dyr fram for å jakte på mat.

Vi kjem ofte over spor etter hjort eller elg, og er vi heldig kan vi sjå auga deira skine i mørket. Om vi ikkje er så heldige kan vi kanskje kome over det sjeldne norske trollet!

I løpet av turen stoppar vi for å varme oss med kaffi og gløgg rundt bålet.

Dette er ein super aktivitet for familiar eller grupper som vil strekkje på beina og gjere noko anna enn å stå på ski. Trugeturen kan sjølvsagt inngå som ein del av ei pakke, med middag i Årestova og utandørs boblebad og badstove. Ei perfekt ramme rundt eit kvart arrangement!

 

Trugetur Info

VARIGHEIT:

  • 3-4 timar totalt

ALDERSGRENSE:

  • Ingen

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Full vinterbekledning
  • Hue og vottar / hanskar
  • Gode sko (fjellsko eller liknande)
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
  • Ikkje gløym kamera!
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post