Isvandring Bilder Booking-tlf

Isvandring

isjuvandring

FANTASTISK NYHEIT PÅ VOSS!

Vi tør påstå at dette er den største og mest spesielle naturopplevinga du kan vere med på i vinter!
Passar godt for venegjengar og som del av konferanseopphald.

ISVANDRING I BORDALSGJELET

Sprengkulde har opna opp for ei sjeldan mulegheit rett ved sentrum av Voss. Juvet er ei geologisk perle, og når det er islagd som no kan ein vandre i botnen av det svært smale og 150 meter djupe juvet.

Isveggar, lange istappar og enorme jettegryter. Smale passasjar langs krystallklare kulpar. Boblande vatn og sterke straumar. Iskaldt vatn som ein helst ikkje vil ramle ned i. Spennande, men likevel trygt med dyktige guidar og rett utstyr. Og ein fantastisk natur! Du har aldri opplevd maken.

50 meter rappellering kan inngå som alternativ inngang til juvet om ein ynskjer det.



Nytt den sjeldne sjansen, det er mange år sidan sist dette var muleg. Det er slutt når mildveret kjem...!

 

Isvandring Info

VARIGHEIT:

  • 2-3 timar totalt

ALDERSGRENSE:

  • Minimum 15 år

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Sikrings / klatreutstyr
  • Instruksjon
  • Varm drikke og snacks
  • Henting / bringing

TA MED:

  • Full vinterbekledning
  • Hue og vottar / hanskar
  • Gode sko (fjellsko eller liknande)
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
  • Ikkje gløym kamera!
 

tilbod

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post