Rafting

Dette er den mest populære sommaraktiviteten på Voss. Spennande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

Dette er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og vi garanterer ei fantastisk oppleving.

Les mer
 

Klatrepark

Bli med på ei eventyrleg reise gjennom tretoppane i ein av landets flottaste høgdeparkar!

Bli med på ei eventyrleg reise gjennom tretoppane i ein av landets flottaste klatreparkar!

Høgdeløypa vår er ein kombinasjon av ulike klatre og balansehinder rundt i skogen som omkransar villmarksleiren vår. Du vil vere med på ei spennande reise mellom gamle furuleggar og gigantiske kampesteinar. Området ligg ved foten av ein 20 meter høg foss, der Strandaelva buldrar forbi.

Les mer
 

Fosserappellering

Utstyrt med våtdrakt, hjelm og klatresele firer du deg ned den vakre og luftige Tvinnefossen - ein 152 meter høg foss ikkje langt frå raftingsenteret. Klatreerfaring er ikkje nødvendig, men du bør ikkje ha høgdeskrekk. Ikkje tru at du har rappellert før du har prøvd dette! Trykk på biletet for fleire!Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i 2 etappar. Enten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjertepumpa å fire seg ned ved sidan av denne kraftfulle fossen!

Les mer
 

Juvvandring

Iført våtdrakt og hjelm vekslar du på å symje, klatre, klyve og hoppe langs med elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vassklier, små stryk og krystallklare kulpar. Her kjem du verkeleg i nærkontakt med elementa, ei spennande oppleving i vakker natur!

Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langs med elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vassklier, små stryk og krystallklare kulpar.

Juving er berre tilgjengeleg når elvane har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane, (vanlegvis seint på sommaren)
Les mer
 

Elvebrett

Mange meiner dette er den tøffaste elvesporten, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.

Dette er sannsynlegvis den tøffaste elvesporten i Norge som er å oppdrive, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.

Det er hardt arbeid, vått og vilt, og etter turen er du HEILT klar for ein tur i boblebadet!

Les mer
 

Familieturar

Familieturar

Familieturane er perfekte for familiar med barn, skuleklassar og idrettslag der ein er under 15 år - og for dei som trur Strandaelva blir for tøff.

Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!

Les mer
 

Trugetur

Trugetur

Utforsk den magiske vinteren på Voss gjennom ein ettermiddagstur på truger!

Utstyrt med truger og hovudlykt går vi langs snødekte stiar, på jakt etter livsteikn frå skapningar som berre kjem fram i ly av mørket.

Ein super aktivitet for familiar, grupper eller konferansegjester som har sete innestengt på kontoret eller i konferansesalen heile dagen!

Les mer
 

Sommer tilbod!

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post